I dag er verda berre fin. Eg har shoppa med mamma. Me har ete på ei kro, eg åt ein så stor salat at et ikkje klarte eta alt. Akkurat no sit eg på bussen, skal publisera dette når et kjem til ein plass med internett. Sola
skin sjølv om det er kveld, og dette er kanskje den lysaste, lengste kvelden denne sommaren. Skyene er kjempeflotte, og eg får lyst å klemma dei, eller eventuelt ete dei! Eg er på veg heim etter å ha vore med to av dei søtaste personane på planeten, som ikkje har møttest alle saman på ganske presist eit år. Og alt er nett som før. Me har fortsatt dei same type kranglane, den same gamle humoren og dei gode klemmane. No håpar eg at det ikkje vært for lenge til.neste gong, for då vert eg sprø av savn!
I dag er verda berre fin.
Hiiiilde <3
SvarSlettDu må jo blogge igjenn!
Du som e så superflink & tar så gode bilder!