Sider

fredag 24. juni 2011

I dag

I dag er verda berre fin. Eg har shoppa med mamma. Me har ete på ei kro, eg åt ein så stor salat at et ikkje klarte eta alt. Akkurat no sit eg på bussen, skal publisera dette når et kjem til ein plass med internett. Sola
skin sjølv om det er kveld, og dette er kanskje den lysaste, lengste kvelden denne sommaren. Skyene er kjempeflotte, og eg får lyst å klemma dei, eller eventuelt ete dei! Eg er på veg heim etter å ha vore med to av dei søtaste personane på planeten, som ikkje har møttest alle saman på ganske presist eit år. Og alt er nett som før. Me har fortsatt dei same type kranglane, den same gamle humoren og dei gode klemmane. No håpar eg at det ikkje vært for lenge til.neste gong, for då vert eg sprø av savn!

I dag er verda berre fin.

søndag 19. juni 2011

Krizzo is in tha house!

Jess, då er Hilde blitt invadert av ein gjestebloggar! Fekk eit spørsmål her tidligare i veka om eg ville vera ein gjestebloggar, og eg sa no sjølvsagt ja. Så eg kjem nok til å blogge sånn inn i mellom Hilde sine mange innlegg, så eg tenkte eg sku bruke dette fyrste på å sei 10 ting om meg.

1. Namnet er då Kristine, eg er 18 år og køyrar bil!
2. Eg bur over dammen, opp i fjellet, ned i dalen og heeeeilt inn.
3. Eg vil også sei at eg er veldig stril. Stril med stil!
4. Eg eeeeeeeelskar å bake ! =D
5. Går på skule. Går kokkelinja no, men ska gå konditor neste år og utdanne meg til det!
6. Jobbar også som alt - mogleg - arbeidar ved ei lokal kro!
7. Eg skriv berre nynorsk, live with it!
8. Eg er so heldig at eg sleppe sommarferien i år..
9. Eg er glad i sjokolade <3
10. Eg ser noko lunne slik ut!



Kommenter gjerne innlegga mine med spørsmål eller idear til kva eg kan gjesteblogge om.

Mvh
Krizzoo!

tirsdag 14. juni 2011

Hola amigos!

I morgon skal eg ha eksamen i engelsk, muntleg. Ein 10 minuttars presentasjon om ei novelle, som skal tolkast. Dersom nokon har nokre synspunkt på "Tony's Story", så er det berre å melda frå!

Eg las igjennom ein gamal blogg eg hadde, og tenkte: Kva har skjedd? Eg må verkeleg byrja å skriva igjen. Litt kvikt.

Uansett, det var alt. No trur eg at eg skal sjå om eg får til å lage sjokoladekake i mikroen.

Snakkast snart, om eg overlever eksamen.

Hei då,
Hilde